Hjorten kom til Vestland etter istiden

Hjorten i Vestland har alltid vore del av vestlandsn​aturen. Han kom før menneska busette seg i regionen etter at isen som dekte Noreg trekte se​g tilbake for rundt ti tusen år sidan. Tidlegare snøfall, tjukkere snødekke og seinare snøsmelting, er blant årsakane til at hjorten er typisk for Vestlandet.

Hjort er rein råvare frå naturen

Over halvparten av hjorten i Noreg kjem frå Vestland. Han er i fjellet og ved fjordane.

Hjort er ei naturleg råvare frå naturen.

Hjort er sunt og berekraftig

Hjortekjøt er ei delikatesse, og ei av dei beste råvarene Noreg kan by på.
Hjortekjøt er magert og sunt. Det er rik på omega-3, og blir ikkje klassifisert som raudt kjøt.

Norsk hjort på menyen

Noregs fremste kokkar har norsk hjort på menyen.
Fleire av ​verksemdene i hjorteklyn​ga samarbeider med leiande kokkar i Noreg.

Hjort gir barn og vaksne gode opplevingar

Hjorten er ein del av landskapet i Vestland. På  garder som driv med oppdrett av hjort er det ofte tilrettelagt for besøk. Hjort gir barn og vaksne gode minner.

Hjorteoppdrett bidreg til mangfald i la​​​ndbruket

Hjorteoppdrett er ei stor moglegheit i Vestland, og bidreg til eit meir variert landbruk, og til eit rikt kulturlandskap.

Hurtigruten vel hjort frå Vestland

Hjort frå Vestland er del av konseptet Norway's Coastal Kitchen. 
Klynga er éin av over sytti lokalmatleverandørar til Hurtigruten. 
Hjortekjøtt frå Vestland er eit berekraftig produkt og 
er med på å marknadsføra regionen.

Å skape ei hjortenæring er god hjorteforvaltning

Å skapa ein næringsveg for hjortekjøtet bidreg til ei god forvaltning av hjorten. Kjøtet som kjem frå jegerar og hjortefarmar er kontrollert og er av beste kvalitet.

Hjorten er del av lokalsamfunna

Hjortejakt er ein viktig del av vestlandskulturen​, 
og mange vel å flytte heim att til Vestland for å kunne vere med på jakta og kome nærare den vakre naturen vår.

Både den ville og tamme hjorten er ein unik ressurs
for lokal verdiskaping. Hjorten bidreg til sterke og levande lokalsamfunn.

Desse har som ambisjon
å danne næringsklynge for hjortekjøt!

Les meir hos Norsk Hjortesenter.

Klyngekoordinator er Norsk Hjortesenter, som har adresse:
Kvalstadvegen 191
6914 Svanøybukt

Telefon
+47 414 03 281

E-post
hjort@hjortesenteret.no

Følg oss på Facebook