Hjorten kom til Noreg etter istida

Hjorten i Noreg har alltid vore del av norsk natur. Han kom før menneska busette seg i regionen etter at isen som dekte Noreg trekte seg tilbake for rundt ti tusen år sidan. I dag er hjorten Noreg sitt mest talrike hjortevilt og han er registrert i alle fylka i Noreg, sjølv om det er klart mest av han i Vestland fylke.

Hjort i vestlandsk fjellandskap

Hjort er rein råvare frå naturen

Over halvparten av hjorten i Noreg kjem frå Vestland. Han er i fjellet og ved fjordane. Hjort er ei naturleg råvare frå naturen.

Hjort på beite

Hjort er sunt og berekraftig

Hjortekjøt er ei delikatesse, og ei av dei beste råvarene Noreg kan by på. Hjortekjøt er mørt, magert og sunt. Det er rik på omega-3, og blir ikkje klassifisert som raudt kjøt.

Hjortekjøt tilberedt som delikatesse

Norsk hjort på menyen

Noregs fremste kokkar har norsk hjort på menyen. Fleire av verksemdene i hjorteklynga samarbeider med leiande kokkar i Noreg.

Kokk som tilbereder norsk hjort

Hjort gir barn og vaksne gode opplevingar

Hjorten er ein del av landskapet på Vestlandet og i Noreg. På garder som driv med oppdrett av hjort er det ofte tilrettelagt for besøk. Hjort gir barn og vaksne gode minner.

Born møter hjort på hjortefarm

Hjorteoppdrett bidreg til mangfald i landbruket

Hjorteoppdrett er ei stor moglegheit i Vestland, i form av ekstensiv drift. Oppdrett bidreg til eit meir variert landbruk, og til eit rikt kulturlandskap.

Hjortefarm i vestlandsk kulturlandskap

Hurtigruten vel norsk hjort frå Hjorteklynga

Hjort frå Vestland er del av konseptet Norway's Coastal Kitchen. Klynga er éin av over sytti lokalmatleverandørar til Hurtigruten. Hjortekjøtt frå Vestland er eit berekraftig produkt og er med på å marknadsføra regionen.

Hjortekjøt frå Vestland servert om bord

Å skape ei hjortenæring er god hjorteforvaltning

Å skapa ein næringsveg for hjortekjøtet bidreg til ei god forvaltning av hjorten. Kjøtet som vert selt gjennom hjorteklynga kjem frå jegerar og hjortefarmar, er kontrollert og er av beste kvalitet.

Hjort i utmark — god hjorteforvaltning

Hjorten er del av lokalsamfunna

Hjortejakt er ein viktig del av vestlandskulturen, og mange vel å flytte heim att til Vestland for å kunne vere med på jakta og kome nærare den vakre naturen vår. Etter kvart som hjorten har spreidd seg til resten av landet får stadig fleire høve til å bli kjent med hjort og hjortejakt. Både den ville og tamme hjorten er ein unik ressurs for lokal verdiskaping. Hjorten bidreg til sterke og levande lokalsamfunn.

Jaktlag i vestlandsk lokalsamfunn

Desse var med på å legge grunnlaget for Hjorteklynga SA!

I dag er Hjorteklynga SA registrert i Brønnøysundregisteret med eigne vedtekter, styre og økonomi. Men det var våren 2024 den første gongen at aktørar som dreiv verdiskaping på hjortekjøt samla seg første gang for å utvikle eit samarbeid. Les meir hos Norsk Hjortesenter. Klyngekoordinator er Norsk Hjortesenter, som har adresse Kvalstadvegen 191, 6914 Svanøybukt. Telefon +47 414 03 281. E-post hjort@hjortesenteret.no.

Verksemdene i Hjorteklynga samla