
Hjortekjøt Gourmet
Pakke med ekstra mørt kjøt, som berre treng kort tid i steikepanna. I denne pakka finn du eit utval av filét, mørbrad, culotte og flatbiff.
Ca. 2 kg, 10-13 porsjonar. Fryst kjøt.
Hjortekjøt frå Hjorteklynga er reinskore og gryteklart. Vi har ein felles standard for skjering i alle bedriftene, noko som sikrar høgaste kvalitet på alle produkt - hygienisk, mørt og smakfult, kvar gong.

Pakke med ekstra mørt kjøt, som berre treng kort tid i steikepanna. I denne pakka finn du eit utval av filét, mørbrad, culotte og flatbiff.
Ca. 2 kg, 10-13 porsjonar. Fryst kjøt.

Pakke med mørt og smakfullt kjøt som passar både som steik, biff, biffsnadder og grytekjøt. I denne pakka finn du eit utval av bankebiff, rundbiff, lårtunge og reinskore grytekjøt.
Ca. 3 kg, 15-20 porsjonar. Fryst kjøt.




I denne pakken finn du dei "finaste" stykningsdelane i hjorten. Filet er enten ytrefilet (som ein finn oppe på ryggrada) eller indrefilet (som ein finnpå undersida av ryggrada). Filetane er særleg møre kjøtstykker og må steikast forsiktig. Mørbrad er ein muskel øvst i låret og har ei delikat form, god smak og er mør og god. Flatbiff er ein stor muskel i låret som er litt fastare, men eit fantastisk, homogent og lekkert kjøtstykke som pyntar alle tallerkar. Culotte med ei lita feittrand er ein matskatt som skal steikast som biff slik at feittet smeltar og set god smak i kjøtet. Sjå oppskriftene våre for å la deg inspirere til å få det beste ut av kjøtet! Sjå spørsmål og svar under for å finne ut kvar du kan kjøpet Gourmet-pakken!

I denne pakka finn du hjortekjøt som er smakrikt, mørt og har høg kvalitet, men kjøtet må ha litt meir varmebehandling enn kjøtet i gourmetpakken for å sikre maksimal matoppleving og mørhet. Bankebiff er eit stort kjøtstykke i låret kor vi har trimma vekk seige hinner og teke vekk toppen av muskelen (culotten). Rundbiff, også kalla rundsteik, er ein muskel som har fleire hinner i seg. For maksimal mørhet kan ein anten steike rundbiffen i omn ved svak varme over tid slik at hinnene smeltar, eller ta ut det reine kjøtet mellom hinnene og steike det som biffstykker. Lårtunga ligg like attmed bankebiffen. Den er anvendeleg og kan steikast som biff, gravast eller nyttast til tartar. Grytekjøt er reinskore hjortekjøt i terning som er perfekt til gryter, kuttast til tynnare biffstrimlar og nyttast som biffsnadder eller pizza. Sjå oppskriftene våre for å la deg inspirere til å få det beste ut av kjøtet! Sjå spørsmål og svar under for å finne ut kvar du kan kjøpet Fint-pakken!

Du kan kjøpe kjøt frå Hjorteklynga hos:
Bakar Jon på Byrkjelo
Smak av Sogn
Løvås Gard