Velkommen til Hjorteklynga
Utforsk hjertet av norsk hjortenæring – der tradisjon møter bærekraft.
Om Hjorteklynga
Hjorteklynga SA skal utvikle ein næringsveg basert på hjort og bidra til at meir av norsk hjortekjøt finn veg til marknaden. Hjorteklynga består i dag av 14 verksemder, fleirtalet frå Vestland. Nokre verksemder driv med oppdrett av hjort og opplevingar. Nokre verksemder er viltbehandlingsanlegg og tek imot kjøtt frå jegerar og grunneigarar. Alle verksemdene har spesialisert seg på hjortekjøt, driv med produktutvikling og sel hjortekjøtt. Dei fleste av verksemdene har eigne slakteri. Ei av verksemdene, Norsk Hjortesenter, er også eit kompetansesenter for hjort, og driv med oppdrett av hjort i samband med forsking og utvikling av næringa. Hjorteklynga samarbeider med dei fremste kokkane i Noreg. På biletet ser vi Ole Jonny Eikefjord frå Førde som er ein profilert gourmetkokk. Han driv mellom anna Restaurant Eik, Restaurant Eik Annen Etage og Eik Fjord i Oslo, og er ein kokk som er oppteken av å setje norsk hjort på menyen.

Organisering
Klyngekoordinator
Stiftinga Norsk Hjortesenter ved dagleg leiar jon Anders Stavang driv sekretariatet for å koordinere aktivitetane i klynga. Senteret fungerer også som kontakt for klynga.
Styret
Styret har 5 medlemmer. Leiar er Kristine Grønner Ohnstad. Styremedlemmar er Kjell Kristian Carlsen, Robert Vørøs, Dag Dysvik og Ole Skaug.
Formål og vedtekter
Hjorteklynga sitt vedtektsfesta formål er: Å utvikle næringsvegen for hjort i heile verdikjeda. Styrke bedriftene og utvikle næringa gjennom samarbeid og felles tiltak. Med hjort, meiner ein både vill hjort og oppdrettshjort. Føretaket har sitt utspring i Vestland, men medlemskap er ope for relevante aktørar frå heile Noreg som støttar føremålet og ynskjer å bidra aktivt til arbeidet i klynga. Dialog og samarbeid med offentlege aktørar er viktig for å utvikle klynga. Føretaket skal bidra til auka verdiskaping ved å utvikle gode rammevilkår for næringa, styrke kompetanse og rekruttering til næringa, utvikle og styrke merkevara hjort og hjortekjøt, drive informasjonsverksemd og synleggjere næringa sine moglegheiter, fremme forsking og utvikling (FoU) knytt til hjortekjøt og verdikjeda, skape arenaer for samarbeid og nettverksbygging mellom aktørane. Årsmøtet er høgaste organ i Hjorteklynga SA.
